Norvald Dahl – «Flying high»

Norvald Dahl - Flying High - Solo piano Norvald Dahl (f.1978) er i frå Fosnavåg og har dei siste åra budd i Oslo der han har fullført mastergrad i jazz-improvisasjon ved Norges Musikkhøyskole. Før det har han budd i Stavanger der han studerte jazzpiano og seinare i Bergen der han jobba som pianist og piano-pedagog i omlag 10 år. Han er ein mykje nytta freelance-musiker, men har i tillegg vore leiar for ei rekkje spennande musikalske prosjekt, både av nasjonal og internasjonal karakter.


Det meste kjente prosjektet er kanskje «Norvald Dahl trio feat. Jon Irabagon», som vitja ´Spor 5´ i 2016 med den ´Musikalske Stamvegen´. I løpet av Oslo-perioden gjekk Dahl i studio saman med Jon Irabagon og bassist Mats Eilertsen og spelte inn albumet «Organic Chamber». Denne kammerjazz-innspelinga er leia og komponert av Dahl og har hausta strålande kritikkar i internasjonal presse!
I denne samanheng får vi høyre Dahl aleine ved flygelet, og vi får servert låtar frå den nye plata «Flying High», som er spelt inn i Fosnavåg Konserthus. Materialet er stort sett improvisert og haustar inspirasjon frå både moderne klassisk musikk, folkemusikk, pop og jazz, og vi kan la oss henfalle til suggererande, frie og stemningsfulle improvisasjonar. Norvald Dahl er eit spennande tilskot til floraen av nye norske jazz-pianistar, og vi håper mange vil ta turen til ´Spor 5´ denne kvelden.
«Tøft og annerledes… Norvald Dahl byr på noe helt eget». – Fra «Organic Chamber», omtale av Tor Hammerø.
«With ´Flying High´ pianist Norvald Dahl has recorded a set of beautiful and highly personal piano improvisations. At times, the crystalline and patient statements sound like could be an homage to the unique meeting of mountains and sea that takes place in his native region of Møre og Romsdal, Norway. Fans of creative solo piano and audiophile recordings will surely add this to their list of favorites». —Guitarist and composer, Jonathan Kreisberg
www.norvalddahl.com

andre artister