Prosjektet har mottatt strålande kritikkar. Dette skreiv Mode Steinkjer i Dagsavisen då han trilla ein sterk 5`ar;
«Åshild Vetrhus’ «Frå høge himmel» er kulturforvaltning av edleste merke. (…) Det er beksvart, men i materialet som i Vetrhus’ stemme, gløder håp og trøst. (…) Albumet gir oss forgylte bearbeidelser av tradisjonsrike salmer som for eksempel «Et barn er født i Betlehem» og «Her kjem me dine arme små». Andreas Ulvo (diverse tangenter) og klarinettist Morten Barrikmo skaper akkompagnementer som er såvel dramatiske og truende, som insisterende og spartanske. De bygger ømt opp stemningene under Vetrhus klare stemmeprakt, og sammen skaper de tre et album som gjør en stor forskjell når det gjelder å forvalte vår felles musikkarv.”
Medverkande;
Åshild Vetrhus – folkesongar frå Suldal i Rogaland, utdanna ved Norges musikkhøgskole. Aktuell i ulike prosjekt saman med Andreas Ulvo og som soloutøvar, men kanskje mest kjend frå folkemusikktrioen Tindra.
Morten Barrikmo – klarinettist frå Kongsberg utdanna ved Norges musikkhøgskule. Aktuell m.a i Oslo Sinfonietta, Trondheim Jazzorkester, Det Norske Blåseensemble og BIT20 Ensemble.
Andreas Ulvo – pianist, keybordist og komponist frå Eidsskog utdanna ved Norges musikkhøgskole. Aktuell m.a. i Mathias Eick kvintett, med Karl Seglem, Thom Hell, Ellen Andrea Wang, Solveig Slettahjell, Ine Hoem og i “Innlandet” med Ingrid Olava.
Julekonsert på Spor 5 «Frå høge himmel» – tradisjonelle julesalmer frå Rogaland
Velkommen til førjulskonsert utan nisseskjegg og glitter. Publikum får høyra tradisjonelle julesalmer frå Rogaland; Den fagraste Rosa, Eit barn er født i Betlehem, Her kjem me dine arme små, Mit Hjerte altid vanker m.m, alle med lokale melodiavariantar. Salmane er henta frå heile Rogaland, frå Egersund i sør til Suldal i nord.