Kva skjer når det tradisjonstunge flygelet møter ny teknologi? Sjeldne ljodar og ljomar vellar ut av flygelkassa, før dei blir forvandla på veg til høgtalarane gjennom finurleg elektronisk klanghandsaming.
Musikken vekslar mellom den ubesudla pianoklangen og det reinspikka elektroniske, mellom vakre melodiar og ulne lydar, og alt i midten. Dei heile blir kroppsleggjort av dansaren som får musikken til å leva i fleire dimensjonar.
Eirik Hellerdal Fosstveit og Jens Peter Jongepier: flygel, elektronikk og komposisjon
Ksenia Shchetneva: dans og koreografi