Hopp til hovedinnholdet
  • Torsdag 08. juni 2023
  • 19:00
  • Spor 5
Kjøp billett

Kulturpolitisk valdebatt: Kva betyr kulturlivet for samfunnsutviklinga?

I forkant av lokalvalet i haust inviterer Fakultet for utøvande kunstfag ved UiS, i samarbeid med Stavanger Aftenblad, til kulturpolitisk debatt på Spor 5 den 8. juni! Kvelden og debatten blir eit vorspiel til Bjergstedkonferansen 9. november som UiS arrangerer i samarbeid med Rogaland fylkeskommune og Stavanger kommune. Kveldens debatt vil sjå nærmare på spørsmålet: Kva betyr kulturlivet for samfunnsutviklinga?

Valåret 2023 kom med både dyrtid og dyrebare løfte på kunst- og kulturfeltet. Storstilte ambisjonar i Rogaland summerer seg nå til mange milliardar kroner.
Korleis vil politikarane prioritere, og kva er deiras tankar for kulturpolitikken dei neste ti åra? Og kva finn vi av konkret kulturpolitikk i partiprogramma? Kva slags plass meiner politikarane at kulturen skal ha i samfunnsutviklinga i Rogaland?
Kveldens debatt blir leia av politisk redaktør i Stavanger Aftenblad, Harald Birkevold.
/// Program ///
Velkomst og introduksjon ved Harald Eikaas, dekan ved Fakultet for utøvande kunstfag, UiS
Oppspark frå kulturfeltet:
◾ Jan Zahl, Stavanger Aftenblad – Om fordelinga av dei statlege kulturpengane
◾ Jens Borge – Kulturpolitiske betraktningar frå underskogen i regionens musikkliv
◾ Glenn André Kaada, teatersjef Rogaland teater – Kulturpolitikken sett frå institusjonane
◾ Silje Salomonsen, skodespelar og filmskapar – Gjer det sjølv-mentaliteten og lokal bjansjeutvikling
◾ Martha Lyse, daglig leiar i STAR – Kvar blir det av alle talenta?
◾ Marit Sandsmark, RIMI/IMIR Scenekunst – Kulturpolitikk sett frå det frie kunstfeltet
Pause
Kulturpolitisk valdebatt:
◾ Dag Mossige (Ap), bystyret Stavanger
◾ Sissel Knutsen Hegdal, ordførarkandidat Høyre
◾ Bjarne Kvadsheim (Sp), UKIS-leiar
◾ Frode Berge, fylkesordførarkandidat Ap
◾ Ole Ueland, fylkesordførarkandidat, Høyre
Dette er eit gratis arrangement – Velkommen!